Dette er den første sida eg laga til enkeltpersonsføretaket mitt. Sida vart laga i 2007, og sidan den gong har eg blitt ein fjellar. Les meir om dette på fjellar.no

De kan framleis nå meg på mobilnummeret og e-postadressa som står på toppen av sida.

Her kan de sjå litt  arbeidsprøver og liknande frå den gongen:

Enkeltpersonføretaket er Håvar Fagerli frå øya Barmen i ytre Nordfjord. Eg er 76-modell, og likar veldig godt å bruke fotoapparat og tastatur. I tillegg er videokameraet med i veska når eg er på reportasjetur.

Sidan juni 2006 har eg hatt engasjement for avisa Fjordenes Tidende i Måløy, men tek òg på meg oppdrag for andre.

Mediamakar vart fødd i 2003 då eg skulle sende ein faktura, og måtte registrere meg i Brønnøysundregistra.

Eg arbeider med fleire medium. I dag kan eg levere foto, tekst og video. I tillegg kan eg hjelpe til med utvikling av nettsider. Til dømes har eg laga denne nettsida du er inne på no.

Til no har eg levert artiklar/foto til Sunnmørsposten, Fjordenes Tidende, Bergens Tidende, NRK Sogn og Fjordane og Aftenposten. Noko av materialet eg har produsert har òg blitt brukt av ulike magasin i Sogn og Fjordane

På denne sida kan de sjå og lese litt av det eg har produsert til no. Håpar eg får sjansen til å levere noko til deg òg.

Klikk her for å gå tilbake til fjellar.no